|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag V/styret |
| Dato: 28.06.2026 |
Melding: Ein annan ting det er viktig å minne om nå før fiskestart, er at det blir tatt skjell prøvar av all avliva fisk. Posar til bruk for dette ligg i boksar ved oppslagstavle ved Ørnesbrua og i fiskebu på sone 11.
|
|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag v/ styret |
| Dato: 28.06.2026 |
Melding: Info om midtsesongsevaluering
Ikkje heilt tid for midtsesongsevaluering enda, men litt info likevel.
Fisket i Vikedalselva starte no som kjent svært seint, 1. juli. Ved så sein start er det relativt store sjanser for at fiskeforholda er dårlege, som igjen fort kan medføre låge fangsttal i elva. Då oppstår det eit problem, då evalueringa som skjer 20. juli, altså etter 15 dagars fiske i juli, er basert på fangsttal, som fort kan bli svært dårlege. Det er derfor svært viktig å melde inn all fangst fortløpande.
Ved for låge innmeldte fangsttal, kan ein uinnmeldt laks vera nok til å redusere fisketrykket, i verste fall stenge elva for fiske ut sesongen 2026. Fisket etter midtsesongsevaluering, er tufta på resultatet som kjem fram på eit rekneark, og tiltaka som blir iverksatt, blir i tråd med forhåndsavtale med Statsforvaltaren, ut frå resultatet på reknearket. Midtsesongsevalueringa tek altså ikkje hensyn til tellarresultat eller kva me visuelt meine å ha sett på elva, eller om fiskeforholda var dårlege, berre innmeldt fangst!
Derfor er det svært viktig å melde inn all fangst fortløpande!
|
|
|
| Navn: Geir Thomsen |
| Dato: 09.06.2026 |
Melding: Hadde det vært en ide å hatt et live kamera i øverste trapp før tunellen? Da ville det vært en pekepinn på om det er noe galt med telleren. Hvis det viser seg fisk der og telleren ikke registrerer vil det allikevel være et hjelpemiddel.
|
|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag v/styret |
| Dato: 28.05.2026 |
Melding: Hei, då er kamera og tellar endeleg oppe og går. Då er det berre og kryssa fingrane for att tellaren får plenty registreringar og jobba med????
|
|
|
| Navn: Arild |
| Dato: 19.05.2026 |
Melding: Hei,då er første laksen observert i fosshølen.
|
|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag V/styret |
| Dato: 17.05.2026 |
Melding: Hei, då nærma det seg ein ordning med straum til tellar/kamera. Det gjenstår litt arbeid for elektrikar, så me satsa på det snart er oppe og går.
|
|
|
| Navn: Arild |
| Dato: 07.05.2026 |
Melding: Det er gode greier,folk har sett 4 laksar som har hoppa på vikå.Så der begynna å skje nåke,spennande tider framøve.
|
|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag v/styret |
| Dato: 06.05.2026 |
Melding: Hei, me er på gang med og få kamera opp og gå,men jobber med og få strøm (230v) bort til kamerautstyret.Håper dette ordner seg og at kamera kjem i drift.
|
|
|
| Navn: Einar |
| Dato: 06.05.2026 |
Melding: Heisann, nogen tanker om når kamera i fossen kommer i gang for året? Spennende å sjå når første laksen kommer ruslende.
|
|
|
| Navn: Vikedal Elveigarlag V/styret |
| Dato: 15.04.2026 |
Melding: Har ikkje fått tak i Statsforvaltar, men var i kontakt med NRK i går, og den lista dei viste til var nok frå 2024 då over 30 elvar blei stengt rett etter sesongstart. NRK har retta opplysningane i artikkelen sin. Så då er det berre å pusta letta ut og kryssa fingrane for ein god sesong 2026.
|
|
|
|
|
|
|